Om oss
Ydda er eit konsulentselskap frå Bømlo som tilbyr kortreiste konsulenttenester til næringslivet i Sunnhordland.
Våre dyktige og løysingsorienterte konsulentar, med relevant kompetanse og god kjennskap til det regionale næringslivet, står klare til å hjelpe kundar med å gjere dei rette prosjekta, og gjere dei best mogleg.
Fleire heim igjen til Sunnhordland
Ydda ønskjer å bidra med å få fleire unge heim igjen. Me tek difor sikte på å vekse gjennom målretta arbeid mot utflytta ungdommar, og tilby dei spennande og varierte arbeidsoppgåver og -erfaring, gjennom samarbeid mellom Ydda og ulike bedrifter i regionen vår.
Ta kontakt om di bedrift ønskjer å snakke meir om dette!
Historia vår
Nina og Mari har begge jobba i same IT-konsulentfirma i Oslo. Faktisk har dei hatt same leiar i selskapet, sjølv om dei aldri vore tilsett der samstundes.
Nina reiste vidare frå konsulentlivet i Oslo til Sandnes og Aibel, men flytta heim til Bømlo i 2017 der ho starta som leiar i klynga på Rubbestadneset. I 2021 gjekk ho inn som dagleg leiar i Bømlo Næringsråd, samstundes som ho i periodar var utleigd som prosjektleiar til ulike prosjekt. Mari flytta heim frå Oslo til Bømlo i 2022 og starta i eit reklamebyrå på Stord, men i desember 2022 vart ho headhunta til å arbeide i Bømlo Næringsråd som prosjektleiar og kommunikasjonsansvarleg.
Gjennom arbeidet i næringsrådet såg Nina og Mari at kompetansen dei hadde var det mange bedrifter i regionen som hadde bruk for, men få bedrifter hadde økonomi eller aktivitetsnivå til å forsvare fulltidsstillingar. Gjennom arbeidet med Heim Igjen-arrangementet for utflytta bømlingar, vart dei i tillegg kjende med mange unge studentar med gode kompetanseprofilar for næringslivet, men som dei såg ville få utfordringar med å få innpass i regionalt arbeidsliv som nyutdanna.
Dette planta eit frø i dei. Om at dei ein dag i framtida ville starte eit konsulent- og rådgjevingsfirma i Sunnhordland. Ideen spira og vaks, og no har den skote knopp og blitt til konsulent- og rådgjevingsfirma Ydda.