Ydda tilbyr kortreiste konsulenttenester til næringslivet i Sunnhordland

“Me tar dine prosjekt, og gjer dei til vår viktigaste oppgåve!”

Lokal kompetanse, stort engasjement – for bedrifter i Sunnhordland som treng ei ekstra hand til å få dei viktige prosjekta i mål.

Litt om kva me gjere..

Forbetringsprosjekt er dei oppgåvene bedrifta veit den burde ta tak i, men som alltid blir skyvd på i ein travel kvardag. Over tid gir det etterslep, meir manuelt arbeid og lågare lønnsemd enn nødvendig.

Ydda går inn med tid og kompetanse til å scope, strukturere og drive prosjekta framover – slik at de når måla på tid, plan og kost.

Kvifor samarbeide med Ydda?

Sterk lokalkjennskap:

Me kjenner Sunnhordland og næringslivet her godt. For oss handlar lokal kjennskap ikkje berre om bransjar, men om menneska og samanhengane rundt. Det gjer at me kan skape løysingar som passar di verksemd.

Frå idé til gjennomføring:

Me hjelper verksemder å gå frå planar og ambisjonar til konkrete resultat. Med erfaring innan prosjektleiing, strategi og kommunikasjon skaper me struktur, framdrift og løysingar som faktisk blir realiserte.

Eit fleksibelt lag med brei kompetanse:

Me kombinerer ulike fagområde og tilpassar oss etter behovet i kvart prosjekt. Enten du treng hjelp med strategi, kommunikasjon, prosjektstyring eller utvikling, får du eit engasjert lag som jobbar saman med deg